Sogn Avis er ei av dei raskast veksande lokalavisene i landet. No treng me deg som kan hjelpa oss til nye høgder. Som journalist hjå oss må du vera klar for det meste, trivast når det er travelt og vera både lagspelar og sjølvgåande.
Me er ute etter kvikke, kreative og digitale nyheitsjournalistar som kan hjelpa oss i kampen om dei yngre lesarane.
Du vil få høve til å jobba med eigne saker, i tillegg til vakter der du jobbar i tett samspel med frontsjefane som styrer arbeidet i det daglege. Stillinga inneber morgon, kvelds- og helgevakter.
Hjå oss vil du finna eit ambisiøst og inkluderande arbeidsmiljø med både ungt pågangsmot og rutine du kan læra av.
Me ynskjer oss folk med journalistutdanning, annan relevant utdanning eller relevant arbeidserfaring. Den du er, det du kan og potensialet me ser i deg kan vega opp for manglande formell kompetanse.
Me kan lova deg ein spanande jobb i eit spanande vekstområde. Her vil du få både ansvar og fridom til å utfalda deg.
Du må skriva god nynorsk og ha førarkort for bil.
Ta gjerne kontakt med redaktør Arve Uglum på
arve.uglum@sognavis.no/97055224
eller klubbleiar Wenche Schanke Eikum på
wenche@sognavis.no/971 64 907
Søknadsfrist 23. april 2021.
Oppstart etter avtale.