Er du oppteken av nyhende og vil ha ein spennande og variert jobb?
Kvinnheringen er på jakt etter ein journalist som kan gå inn i eit langtidsvikariat fram til mars 2023. Vi ser også etter sommarvikarar.
Er du den vi leitar etter? Vi kan tilby ein spennande og variert arbeidskvardag saman med ein kjekk gjeng, der du får vera med på å informera og engasjera lesarane i Kvinnherad gjennom store og små nyhende frå lokalsamfunnet vårt. Likar du å snakka med folk, og er oppteken av kva som skjer i samfunnet – ja, då kan denne jobben vera perfekt for deg!
Kanskje har du ein eller fleire av desse personlege eigenskapane?
- Du likar å arbeida sjølvstendig og vera kreativ, men kan òg samarbeida med andre
- Du likar å snakka med folk om gode historier
- Du er oppteken av det som skjer rundt deg i lokalsamfunnet og ser verdien av god lokaljournalistikk
- Du likar å skriva og fotografera
Vi kan tilby:
- Eit svært godt arbeidsmiljø i ein digitalfokusert redaksjon i nye lokale på Husnes, i vakre Kvinnherad kommune
- Ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for folk
- Variert og spennande arbeid, der du blir ein del av turnusen i redaksjonen
- Utviklingsmogelegheiter i landets største lokal-aviskonsern
- Eit nettverk av 900 journalistar i 81 lokalaviser som saman utviklar lokaljournalistikken
- Løn etter avtale
Kvinnheringen jaktar også ein ny, fast journalist (100 %). Sjå annonsen her (https://amedia.recman.no/job.php?job_id=249286)!
Vi kan tilpassa arbeidsoppgåvene til din kunnskap, di erfaring og dine sterke sider, men vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring. Du må ha førarkort og disponera bil, og kunna skriva god nynorsk. I tillegg til å vera skrivande, vil du også ha video, direkteoppdateringar, strøyming og andre publiseringskanalar som arbeidsverktøy. Har du kompetanse på frontredigering, vil du også få nytte av den. Vi forventar ikkje at du beherskar alt frå første dag, men du må vera open for å tenka og læra nytt.
Dersom dette verkar spennande, send oss ein søknad med CV og referanse, då vel!
Vi ser i utgangspunktet etter ein journalist til eit langtidsvikariat fram til mars 2023. Start-, sluttdato og løn blir vi einige om. I tillegg kikkar vi etter i alle fall to personar som kan jobba hos oss frå midten/slutten av juni til ut i august. Relevant erfaring eller utdanning er eit ønske, men ikkje eit krav.
Søknadsfrist er 20. februar 2022.
Om du ønsker ein prat og litt meir informasjon, kontakt fungerande dagleg leiar og redaktør Håvard Røyrvik på
haavard@kvinnheringen.no eller 970 25 582 . Du kan også kontakta NJ-leiar Jonn Karl Sætre på jonn.karl@kvinnheringen.no eller ring 995 20 861.
Kvinnheringen er ei lokalavis eigd av Amedia, du kan lesa meir
her om korleis det er å jobba i Amedia. (
https://karriere.amedia.no/)