By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Har du lyst å bli journalist i Noregs vestlegaste by, Florø? Ein av våre journalistar melder snart overgang til NRK, og vi er i gang med å finne erstattaren hennar.
Viss du trivest med høgt tempo, mykje latter og moro på jobb, kort veg frå idé til realisering, digitalt fokus og 2000 millimeter nedbør i året, så må du sende oss ein søknad fort som berre det.
I søknaden håpar vi det står at du er ein resar i nynorsk og at du kjenner kommunane Kinn og Bremanger ut og inn, og gjerne også at du er kvinne.
Firdaposten har hovudredaksjon i Florø, som er største by i storkommunen Kinn i Vestland fylke. Redaksjonen tel åtte personar, og no håpar vi du blir med på laget vårt.
Les meir her om korleis det er å jobbe i Amedia her - https://karriere.amedia.no/
Viss dette høyrest interessant ut, ta gjerne kontakt med redaktør Svend Arne Vee på svend@firdaposten.no, eller ring 90847465 om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon.
Søknadsfrist måndag 14. mars.
Lurer du på noko, kan du også ringe klubbleiar Liv Standal (992 94 623).
Nøkkelord | Journalistikk, Journalist |
Bransjekategori | Media / Informasjon / PR |
Bransje | Trykte media |
Arbeidsgiver | Firdaposten |
Markegata 65 | |
6901 Florø | |
Nettside | firdaposten.no |
Søknadsfrist | 14.03.2022 |
Tittel | Journalist |
Sektor | Privat |
Omfang | Fast |
Antall stillinger | 1 |
Svend Arne Vee Ansvarlig redaktør/daglig leder svend.arne.vee@firdaposten.no +4790847465 |
Liv Standal Klubbleder 992 94 623 |