Firdaposten treng sommarvikar
Firdaposten er den største kystavisa i Sogn og Fjordane. Med hovudredaksjon i Florø, er avisa største lokalavis for Kinn og Bremanger kommunar. Kvar dag når vi 8000 lesarar på digitale flater, og 9000 les papirutgåvene våre. Vi er sju tilsette i redaksjonen. Firdaposten er nynorskavis, og er heileigd av mediekonsernet Amedia.
Amedia er landets største utgivar av redaktørstyrte medium og leiande på lokal avisutvikling.
Dagleg når konsernet sine media meir enn to millionar lesarar gjennom 105 nasjoale, regionale og lokale titlar.
Med redaksjonelle medarbeidarar over heile landet sørger vi for at lesarane våre blir løpande oppdaterte med nyhende og anna viktig innhald. Samtidig bidrar seljarane våre og annonser til å skape verdi og effekt for annonsørar over heile Norge. Amedia har også ei omfattande trykkeri- og distribusjonsverksemd. Konsernet har 2.100 tilsette og omsette for 4,1 milliardar kroner i 2022.
Amedia er sertifisert av Great Place to Work. Sertifiseringa bekreftar og er eit bevis på at medarbeidarane våre opplever organisasjonen som ein god stad å jobba. Les meir om korleis det er å jobba i Amedia på karrieresidene våre på Amedia.no, og følg oss på LinkedIn.
Firdaposten treng journalistvikar i sommar!
Har du lyst å prøve deg som journalist i sommar? I Firdaposten er vi på jakt etter ein vikar til redaksjonen vår gjennom sommarvekene, frå midten av juni og til midten av august. Vi kan tilby deg to hektiske, men lærerike månader i eit lokalmiljø heilt vest i Norge som aldri står stille, og der det alltid skjer noko. Etter to månader hos oss vil du ha fått prøve deg som nyheitsjeger og sportsjournalist, du har skrive reportasjar, laga bildeseriar frå festivalar, kanskje skrive kommentarar - og du vil heilt sikkert ha produsert videoar og delteke på streaming og direktesendingar.
Viss du synest dette høyrest spennande ut, så ta kontakt med oss! Vi tilbyr eit supergodt arbeidsmiljø, mykje læring, konkurransedyktig løn, ein god porsjon kvardagshumor og ein meiningsfull sommarjobb. Har du journalistutdanning eller held på med ein, så er det supert, men ikkje noko krav. Det vi derimot krev er at du er samfunnsengasjement, nysgjerrig, effektiv og kreativ. Resten ordnar vi i lag!
Vil du vite meir, så ringer du redaktør Svend Arne Vee på telefon 90847465.Bransjekategori | Media / Informasjon / PR |
Bransje | Journalistikk |
Alternativ bransjekategori | Media / Informasjon / PR |
Alternativ bransje | Annet |