By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Vil du vera journalist på Voss i sommar?
Hordaland treng engasjerte og dyktige sommarvikarar på Voss i ferieperioden frå midten av juni til midten av august 2025.
Å vera sommarvikar i ei lokalavis som Hordaland er den perfekte måten å starta ein journalistkarriere på.
Hjå oss vil du få utfordra deg på journalistikk i alle sjangrar og til ulike plattformer. Moglegheitene til å utvikla seg som journalist og historieformidlar er med andre ord eineståande gode.
Hordaland er del av Amedia og har tilgang på eit breitt kompetansemiljø på tvers av heile landet.
Me søkjer deg som:
Søkjarar må ha førarkort klasse B.
Hjå oss får du:
Ei avis for mange
Hordaland held til i nye og moderne lokale midt i sentrum av Voss, ei av dei mest innovative bygdene i Noreg med mykje aktivitet om sommaren. Med Voss herad sine 16.000 innbyggjarar vil du som sommarvikar i Hordaland vera viktig for mange i og rundt Voss, samt i omeignskommunane Ulvik og Vaksdal som avisa òg dekkjer.
Bli med på laget!
Hordaland er ei nytenkjande avis med tradisjonelle røter og store ambisjonar for framtida. Me skal vera ein attraktiv arbeidsstad, driva eit moderne mediehus og laga kvalitetsjournalistikk. Målet er å rekruttera stadig fleire lesarar, og me ynskjer sommarvikarar som både kan inspirera og utfordra oss til å tenkja på nye måtar.
Nøkkelord | lokalavis, Journalistikk, Videoproduksjon nett, Skriver nynorsk |
Bransjekategori | Media / Informasjon / PR |
Bransje | Journalistikk |
Bedriftsnavn | Avisa Hordaland AS |
Skulegata 9 | |
5700 VOSS | |
Nettside | www.avisa-hordaland.no/ |
Søknadsfrist | 25.01.2025 |
Arbeidsplass | Voss |
Tittel | Journalist |
Sektor | Privat |
Stilling | Skift/turnus |
Omfang | Sommer/Sesong |
Antall stillinger | 2 |
Ingvil Aaen Torpe Ansvarlig redaktør/dagleg leiar Ingvil.torpe@amedia.no +4747508178 |