By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Er du klar for ein spennande sommar i ein av Norges mest dynamiske regionar?
Jærbladet søkjer nå etter engasjerte og nyfikne sommarvikarar som er med og sikrar at me held på posisjonen som den føretrekte kjelda til lokale nyheiter og den viktigaste arenaen for samfunnsdebatt på Jæren.
Me vil ha deg som:
Erfaring frå mediebransjen er ein fordel, men det aller viktigste er at du har arbeidslyst og evne til å setja i gang med eigne idear.
Jærbladet jobbar ein del med visuell journalistikk. Derfor er videokompetanse eit pluss.
Det er ein fordel om du har førarkort for bil.
Hos oss får du:
Som sommarvikar i Jærbladet vil du få vera med på å formidla historiene som formar regionen vår.
Du vil intervjua aktuelle personar, skriva saker, ta bilde og video og vera med på å rykka når akutte hendingar skal dekkast.
For å sikra at lesarane våre alltid kan halda seg oppdaterte på siste nytt, må du rekna med å jobba enkelte kveldar og helgar.
Du vil få opplæring, og kollegaane dine vil hjelpa deg når det trengst.
Me har behov for vikarar i deler av juni, juli og august.
Kontaktinformasjon
Synes du dette høyrer interessant ut? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat:
Simon Hobberstad, redaksjonssjef: simon.hobberstad@jbl.no / 458 65 423
Snorre Standish Norheim, journalist/klubbleiar: snorre.norheim@jbl.no / 928 16 163
Bransjekategori | Media / Informasjon / PR |
Bransje | Journalistikk |
Bedriftsnavn | Jærbladet AS |
Meierigata 22 | |
4340 BRYNE | |
Nettside | www.jbl.no |
Søknadsfrist | 9. januar |
Arbeidsplass | Bryne |
Tittel | Sommarvikar |
Sektor | Privat |
Omfang | Sommer/Sesong |
Antall stillinger | 3 |
Simon Hobberstad Redaksjonssjef simon.hobberstad@amedia.no +4745865423 |